søndag 7. november 2010

Hobby

Har også laga nokre småting den siste tida som eg tenkte eg ville legge ut:
Ein strikka gris som skal tovast og bli til eit sitteunderlag. Den til venstre er eit ferdig resultat eg har fått i gåve, og den til høgre har eg strikka sjølv. Det som står att er å tove den og sy på ansikt for å gi den karakter.

Eit hekla brunt panneband i ull. Hekla ein turkis kant for å skape kontrast og tilsette litt farge, pluss at eg sydde på eit snøfnugg for å gjere det litt vinteraktig.

I gang med panneband nr 2. Dette vert lilla. Eg også har kjøpt nokon blomster som eg skal feste på tilslutt for å pynte det opp litt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar