onsdag 10. november 2010

VISUELL KOMMUNIKASJON - resultatet




Etter ein lang prosess og mykje jobb er eg no ferdig med arbeidskravet i visuell kommunikasjon ”å vere student”. Eg har valt å legge mest vekt på idealstudenten og kva det å studere som regel bærer preg av: å lese, skrive og å ”ha nasen i boka”. Boka er gull verdt i form av kunnskap og lærdom, og det er svært viktig å lese det ein skal av pensum for å komme vidare i studiet. Men om ein derimot blar litt vidare i studenttilværet ser ein at det er også mange andre kjekke sider (bokstavlig talt): å stifte nye kjennskap, få gode vener, vere ein del av eit godt klassemiljø, ta del i studentmiljøet og alt det har å by på.

Utstyr:
  • Ei bok à tilfeldig vald med tanke på innhald, men bevisst med tanke på størrelse og form
  • Akrylmåling i ulike fargar  à raud, brun, kvit, svar
  • Anna måleutstyr à penslar i ulike størrelsar, spatel
  • Gips og vaselin til støyping av nase
  • Min eigen nase til modell
  • Bilete à teke privat, avisutklipp og scrapbookark
Kva eg har gjort og tankane bak:
Eg vil no gå litt nærare inn på kva eg gjort under arbeidsprosessen, kva eg har lagt vekt på og kva tankar eg har bak dei enkelte vala:

Sjølve boka: Boka var som sagt tilfeldig valt med tanke på innhald, men bevisst i forhold til størrelse og tjukkelse. Boka måtte vere stor nok slik at eg fekk med alle symbola og effektane eg ville, men ikkje så stor at dei drukna på for store flater. Elles synes eg det var fint at permen var mørk, slik at det vart ein kontrast til dei gullspraya arka.

Nasen: Nasen er ei gipsavstøyping av min eigen nase. Eg laga fleire utkast til nasen på verkstaden på skulen, der den siste av dei 4 eg laga er den som er på boka. Den vart tilslutt måla i ein hudfarge og forsøkt å legge på naturlege skuggar. Elles jobba eg mykje med å skjere den til slik at den passa mest mogleg inn mellom brettane. Den skulle ikkje stikke opp av boka eller ligge oppå, men heller komme ut av boka og ligge naturleg innimellom. Dette følte eg at eg fekk til tilslutt.

Bilete og måling på sidene: På den venstre sida i det nedre hjørnet er det ein mur. Denne skal symbolisere byggesteinane undervegs i utdanninga og korleis ein student lagar grunnmuren for arbeidslivet seinare. Hjå nokon kan denne muren ha hol som følgje av t.d. mist undervisning og arbeidskrav, og at det er mange punkt i utdanninga som må føljast for å få eit solid utgangspunkt i framtida. Det er da ein sjanse å ta kor mange mursteinar ein kan gå glipp av før muren rasar saman… Over muren er det ein tekst frå ei avis som skal gi eit bilete på lesing og litteratur. Tekstutdraget eg har valt ut handlar om genteknologi og individet, som kan leie oss inn på diskusjonen kring arv og miljø som påverknadar for korleis me som menneske, og studentar, blir.

På den andre sida i boka har eg brukt spatel for å lage eit slitt uttrykk i kanten. Boka er gammal, godt brukt og verdifull. Ikkje berre denne boka, men bøker generelt. Kanskje kan dette lede til diskusjonen kring nettbøker og kva elevane i skulen vil ha? Kan internett og datateknologien erstatte bøkene? Nede i hjørnet har eg mala inn eit utsnitt av handskrift som også er ein del av det å studere: lese, lære og skrive.

Når ein blar om i boka: Om du blar til venstre finn du ei anna side ved studenttilværet: venskap og musikk. Musikknotane er tatt frå scrapbooking utstyr, medan vennebilete er av meg og dansegruppa mi. På den måten kan bilete også symbolisere trening. Begge desse er for meg positive sider.

På den andre sida er det eit bilete av studenthuset ”Meieriet” i Sogndal og eit bilete av gamleklassen min. Begge desse gjer igjen at det vert personleg for meg. Studentmiljø og klassemiljø er begge svært viktige faktorar i ein god studenttilværelse.

Bileta på begge sidene har eg ramma inn for å gi dei eit reinare uttrykk enn dei bileta frampå boka. Eg har valt brun sidan den fargen går att, pluss innslag av ein ferskenfarge som eg fann att på to av bileta.

Håpar desse bodskapane eg har tenkt på kjem fram og at dei som ser på oppgåva mi får ein del av dei same tankane som eg har. Det har iallfall vore ein spennande prosess og eg har kosa meg med arbeidet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar