mandag 25. oktober 2010

Samling 3 - Arbeid med kunstoppgåva

I dag på den 3.samlinga for Kunst og Handverk fekk me tid til å jobbe vidare med oppgåvene våre. Sidan eg er ferdig med oppgåva i visuell kommunikasjon sette eg meg til å idémyldre meir rundt kva eg ville gjere ut i frå Picasso-bilete mitt i kunst. Eg sat lenge og tenkte og tenkte og endte opp med å lage dette utkastet:

Her har eg laga min eigen variant at bilete. Eg har brukt oppatt stripene i bakgrunnen og laga eit eige portrett inspirert av kubismen. Her begynte eg med å velge meg ut komplementærfargar frå Ittens fargesirkel for å legge fokuset på portrettet av eit menneske og framheve det i bilete. Eg vart nøgd med val av fargar, men følte ikkje at dette utkastet var noko eg ville jobbe vidare med og som ville utgjere eit godt nok resultat tilslutt.

Etter dette prøvde eg ut korleis det ville fungere å lage bilete i trykk med ulike skrapeteknikkar, og forsøkte meg også litt fram med å bruke søkar:



Eg vart ikje nøgd med nokon av desse utkasta heller, så eg opplevde å få fullstendig inspirasjonstopp. For å finne den att tok meg ein tur på biblioteket for meir informasjon om Picasso, men stod framleis fast i forhold til bildet eg hadde valt meg ut. Eg trur feilen var at eg hang meg for mykje opp i korleis eg kunne lage min eigne variant av bilete i staden for å sjå korleis dette bilete kunne inspirere meg til å lage noko nytt. Medan eg dreiv å bladde i bøkene eg hadde lånt kom eg over eit nytt bilete som eg har sett før, men som eg falt for med ein gang!

Salvador Dalí - The Presistence of Memory
DERFOR har eg valt å ta ei heilomvending! Eg vil no framover jobbe med å finne inspirasjon til kunstoppgåva i Dalís "The Persistence of Memory" og skrive om Dalí og surrealismen i fagteorioppgåva.

Nytt om prosessen kjem plutselig!

søndag 24. oktober 2010

Utkast 1 - Kunst


Her er det første utkastet av det Picassoinspirerte arbeidet mitt i kunstoppgåva. Det vart eit bilete som var mykje lik orginalen i motiv, men med ein eigen vri. Eg ville utnytte at bilete var så tydeleg oppdelt i flater, så eg teikna bilete over på eit stort ark, klipte det opp etter strekane, la desse oppå avisutklipp, og klipte ut same former. Desse flatene sette eg deretter saman att for å få fram ein meir moderne og medieversjon av Picasso.

Denne idéen kan utviklast ved å legge meir fokus på kva utklipp eg brukar, kva fargar eg tek med og kva format eg vil gjere det i. Litt usikker på om eg har lyst å ta denne idéen vidare, men eg syns det var viktig å prøve ut tanken å sjå korleis den fungerte. Kanskje det kunne vore ein idé og jobba med kva alternativ eg har til avispapiret (farga ark, silkepapir, papp, trebitar, stoff osv).

På dei andre utkasta tenkjer eg at eg skal bruke orginalbilete meir som inspirasjon og prøve å lage enda meir mi eiga tolking i staden for ein kopi med vri.

tirsdag 19. oktober 2010

Kunstoppgåva


Sidan sist eg skreiv har eg blitt ferdig med oppgåva i visuell kommunikasjon!!! Skal skrive litt meir utfyllande rundt den, så går nok ei lita stund før det blir lagt ut på bloggen. Men den som ventar på noko flott.... :)

Eg er også komme i gang med kunst oppgåva sidan sist! For å finne ut kva eg ville jobbe med har eg brukt tida til å lese i ulike bøker og søkt på nettet for å finne inspirasjon. Bladt bileta eg såg på falt eg spesielt for dei med sterke fargar, og mange av desse viste seg å vere laga av Pablo Picasso. Eg fann derfor raskt ut at eg ville jobbe med eitt av hans kunstverk.

I oppgåveteksten me fekk står det at hovudområdet i kunst i kunnskapsløftet har som mål at elevane etter 10.årstrinn skal kunne:
  • diskutere hvordan kunstnere i ulike kulturer har framstilt mennesker gjennom tidene, og bruke dette som utgangspunkt for eget skapende arbeid med portrett og skulptur
  • samtale om opplevelse av hvordan kunstnere til forskjellige tider og i ulike kulturer har uttrykt seg gjennom foto, film og video, og bruke dette som utgangspunkt for eget arbeid
  • sammenligne og vurdere ulike retninger og tradisjoner innenfor to- og tredimensjonal kunst
Mange av Picasso sine bilete er framstillingar av menneske, ofte med portrett, så derfor vil det første punktet vere det eg kjem til å jobbe mest med. Eg tenkjer også at eg kanskje vil prøve å lage eit utkast av Picasso sitt bilete anno 2010, så her kan eg få inn litt av punkt 2 også. Kan godt hende eg også får med litt av punkt 3 alt etter kvar kreativiteten tek meg!

Bilete eg skal jobbe vidare med i kunstoppgåva:

Pablo Picasso

mandag 18. oktober 2010

Vidareutvikling av utkast 2


Idémyldring
Som arbeid vidare valde eg først å lage ein kombinasjon av utkast 2 og 3. Tanken var å lage ei bakgrunn på eit stort lerret  med akrylmåling og bilete og så feste den gullbelagde boka med nase på på midten. Det som først virka som ei god idé vart undervegs ei utfordring. Korleis skulle eg lage ei bakgrunn med rett farge som inkluderte bilete og som samstundes framheva gullboka? Korleis skulle eg sette alt saman med rett komposisjon utan at  det vart rotete? Eg prøvde meg fram med ein raud bakgrunn (sjå bilete), men stod plutselig fast med korleis eg skulle sette på bileta. Etter samtale med Berit fann eg derimot ut at eg skulle droppe å ha bakgrunn og heller fokusere meir på boka.

Her ser de korleis mitt neste utkast vart:


Her har eg haldt fram med å ”brette” arka midt i boka for å skape liv i bilete og spraya med gulldekorspray for å få fram symbolikken om kor viktig boka er. På høgre sida har eg brukt 3 ulike fargar i akrylmåling og smurt dei utover med ein spatel for å skape eit slitt uttrykk. Deretter har eg festa på eit utklipp frå ei avis med decoupage lim (skal ha anna bilde på det endelege produktet) og prøvd å jobbe denne inn med måling. På den andre sida har eg brukt paste rundt bilete for å skape meir variasjon og deretter måla oppatt på med ein mørk raudfarge etter pasten tørka. I venstre hjørne har eg måla mursteinar for å symbolisere utvikling og samansetjing i utdanninga. Nasen er ein avstøyping av min eigen nase og er laga av gips på grafisk rom på Foss (sjå bilete).

Eg vart i grunn ganske nøgd med dette utkastet, men ser at det kan vidareutviklast enda meir. Eg brukte derfor mitt gamle utkast til å prøve ut ulike fargar rundt kanten og planlegge vidare korleis det endelege resultatet skal bli. Eg fann også ut at eg ville lage det til slik at det delvis går an å bla i boka for å sjå andre sider ved studenttilværet. Eg prøvde også ut korleis eg kunne feste nasen på boka på ulike måtar. Ein erfaring eg gjorde meg då var at eg heller vil feste nasen meir inni boka slik at den kjem ut av sjølve boka og ikkje ligg oppå. Eg prøvde då å skjere eit snitt inn i sidene på den midtarste bretten med tapetkniv. Det vart lett rifter, så eg forsterka desse arka med å lime stive ark på baksida. Dette var ei betre løysing enn å lime nasen utanpå, men eg er framleis ikkje heilt sikker på korleis eg praktisk skal løyse denne utfordringa.

Utkast med utprøving av korleis eg skal feste nasen og kva fargar eg skal ha rundt kanten..
Korleis kjøkkenbordet mitt såg ut store delar av førre veke.


 Snart ferdig med det endelege resultatet no! Kjem plutseleg ei oppdatering! :)

onsdag 13. oktober 2010

Akrylmåling

I utprøvingsprosessen av ulike teknikkar falt eg verkeleg for å jobbe med akrylmåling. Har aldri måla noko særleg, men syns det var kjempekjekt! Legg derfor ut noko av det eg har laga og som no prydar veggane i leiligheiten min:

Akrylmåling og eit bilete festa med decoupagelim, ramma rundt laga medmåling.

Same teknikk som bilete ovanfor

Måla bakgrunn, orkidéen er ein serviett som er klypt ut - Deccoupage.
Jobbar som MOT-informatør i Sogndal Kommune og var for nokre veker sidan på kurs i Trondheim. Der vart eg fortalt om MOT-brua og korleis MOT jobbar med ungdom. Dette syns eg var så inspirerande at eg måtte male eit bilete slik eg såg denne historia føre meg. Dette bilete heng no på kontoret mitt.

Blanding av ulike teknikkar - Akrylmåling, decoupage og bruk av spatel.
Denne er ikkje på veggen, kunn eit bilde for å prøve ut ulike teknikkar: akrylmåling, paste, spatel, former, bilete, overgangar og bakgrunn.

"Å vere student" - Utkast 3


Her er det tredje utkastet til eit arbeid:
Kva: Collage – Akrylmåling og foto
I dette utkastet har eg måla eit bilete med akrylmåling og inkludert bilete av det eg forbinder med å vere student. Fargen er mørk nede på biletet for å syne at det er tyngre sider ved det å vere student: mykje å lese og skrive, før det blir lysare mot toppen. Gulfargen symboliserar at er lysare sider som vennskap og eit godt klassemiljø, samt at det som kan vere mindre kjekt er naudsynt for å nå eit mål om å bli ferdig utdanna og sikre framtida. Eg har limt på nokre pengesetlar (bilete) i ”gråsona” for å syne at økonomi spelar ei viktig rolle i studenttilværet på korleis ein lever og kva ein har råd til, og at kanskje ikkje alle har det så greitt økonomisk til ei kvar tid.
Variasjonar:
Her har eg mange moglegheiter. Kan variere med bruk av fargar, former, bilete, symbol og komposisjon. Biletet kan strammast opp, omstrukturerast og settast saman på fleire måtar. 
 
Det positive med utkastet:
Eg likte veldig godt å jobbe med akrylmåling og lage eit bilete ut i frå det. Eg føler at eg her kan få fram mange ulike sider ved det å vere student ved  å lage eit collage med foto, og at eg samstundes kan lage eit fint produkt.

Utfordringar og vegen vidare:
Eg prøvde å montere bileta slik at dei utgjorde ei trapp opp mot framtida, men ser at dette ikkje kom så tydeleg fram som eg hadde tenkt. Dette er noko eg kan jobbe vidare med: korleis skal det heile settast i saman. Kanskje eg må stramme det heile opp litt ved å legge meir vekt på former og kva desse skal symbolisere. Pynten på bilete er eigentleg berre former som eg syns var fine, og t.d. rundingane ga dermed eit svevande inntrykk som eg ikkje var bevisst på då eg laga dei. Ja, studenttilværet kan vere svevande, men om eg skal ta det vidare må eg bruke det symbolet meir bevisst. Den pynten som elles ikkje er bevisst er kanskje best å rett og slett droppe om den ikkje har nokon bevisst funksjon.