tirsdag 12. oktober 2010

"Å vere student" - Utkast 1


Her er det første  utkastet til eit arbeid:
Kva: Teikning.
Dette er ei heilt enkel skisse av ein tanke eg hadde om korleis eg kan formidle det å vere student gjennom teikning. Tanken bak det er å få fram ulike sider ved studenttilværet, både positive og negative aspekt. Dei positive har eg tenkt er å tileigne seg kunnskap, venskap og klassemiljø, knyte band (vener, arbeidsliv osv.), få nyttige erfaringar, bli opplyst og oppleve glede gjennom t.d. musikk. Negative aspekt/ vansklege sider: økonomi, mykje å lese, tunge dagar, oppleve å ikkje passe inn og uinnkluderande miljø. Teikninga på toppen av ein spegel i ein bil som forlet studiestaden. Kva erfaringar sit ein att med etter fullført utdanning? Er det den positive eller negative sida som har gjort mest inntrykk? Er ein klar for det som møter ein i etterkant? Kvar stoppar bilen?


Utvikling:
Denne idéen kan utviklast mykje innan teikning (detaljar, skuggelegging, form, skravering osv.). Skissen/utkastet har eg laga heilt enkel for å samle tankane og prøve ut kor komfortabel eg er med den tenikken. Eg kan også utvide idéen ved å inkludere foto for eksempel av ein spegel i bil istaden for den teikna spegelen. Eg kan også velge å ha anna bakgrunn og spele meir på lys og mørke.


Det positive med dette utkastet:
Eg kan få med mange ulike aspekt ved det å vere student, kan syne variasjon, kan inkludere fargesymbolikk og eg kan blande ulike teknikkar som teikning og foto.


Det eg ikkje er nøgd med ved dette utkastet: 
Eg ser at det fort kan bli eit "rotete" resultat der eg prøver å inkludere for mykje idéar i eit arbeid. Eit produkt med mykje teikning krev kunnskap innan det området, og eg kjenner meg framleis litt ustø på å teikne. Bildetet kan bli for overtydeleg i symbolbruk. Kanskje eg bør snevre inn tankane mine rundt det å vere student.

1 kommentar:

  1. Original idé, spesielt med bildelen! I forhold til at det kan bli rotete, kan det kanskje vere lurt å fokusere på spesielt ein av tinga på kvar side og så prøve å få fram denne fordelen eller ulempa slik at den fyller heile arket (jamfør dagbokideen i friteikningskopien vi fekk)?

    Lukke til vidare!

    SvarSlett