| Idémyldring |
Som arbeid vidare valde eg først å lage ein kombinasjon av utkast 2 og 3. Tanken var å lage ei bakgrunn på eit stort lerret med akrylmåling og bilete og så feste den gullbelagde boka med nase på på midten. Det som først virka som ei god idé vart undervegs ei utfordring. Korleis skulle eg lage ei bakgrunn med rett farge som inkluderte bilete og som samstundes framheva gullboka? Korleis skulle eg sette alt saman med rett komposisjon utan at det vart rotete? Eg prøvde meg fram med ein raud bakgrunn (sjå bilete), men stod plutselig fast med korleis eg skulle sette på bileta. Etter samtale med Berit fann eg derimot ut at eg skulle droppe å ha bakgrunn og heller fokusere meir på boka.
Her ser de korleis mitt neste utkast vart:
Eg vart i grunn ganske nøgd med dette utkastet, men ser at det kan vidareutviklast enda meir. Eg brukte derfor mitt gamle utkast til å prøve ut ulike fargar rundt kanten og planlegge vidare korleis det endelege resultatet skal bli. Eg fann også ut at eg ville lage det til slik at det delvis går an å bla i boka for å sjå andre sider ved studenttilværet. Eg prøvde også ut korleis eg kunne feste nasen på boka på ulike måtar. Ein erfaring eg gjorde meg då var at eg heller vil feste nasen meir inni boka slik at den kjem ut av sjølve boka og ikkje ligg oppå. Eg prøvde då å skjere eit snitt inn i sidene på den midtarste bretten med tapetkniv. Det vart lett rifter, så eg forsterka desse arka med å lime stive ark på baksida. Dette var ei betre løysing enn å lime nasen utanpå, men eg er framleis ikkje heilt sikker på korleis eg praktisk skal løyse denne utfordringa.
![]() |
| Utkast med utprøving av korleis eg skal feste nasen og kva fargar eg skal ha rundt kanten.. |
![]() | |||
| Korleis kjøkkenbordet mitt såg ut store delar av førre veke. |
Snart ferdig med det endelege resultatet no! Kjem plutseleg ei oppdatering! :)


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar