tirsdag 24. august 2010

Skulestart og første samling



Første samling med kunst og handverk klassen gjekk av stabelen mandag 23.august. Etter litt informasjon og handling på fjordbok gjekk turen til Dei Heibergske Samlingar for å bli kjent med museumet og klassen. Ein flott gjeng med mange kreative sjelar! Me fekk omvisning, høyre historiar og ikkje minst eit innblikk i korleis me kan nytte museet i eit eventuelt undervisningsopplegg til framtidige elevar. Her er det mange moglegheitar i mange ulike fag!

Etterkvart fekk me også prøve oss på å teikne gjenstandar med enkel form, noko som ikkje var så enkelt som ein kanskje skulle tru. Har mykje å lære, spesielt når det gjeld skuggelegging, men det er jo det eg går på studiet for! Spennande prøve seg litt fram og kanskje også sjå litt framgang etterkvart!
Teikning nr.1
Teikning nr.2
Første delen av tysdagen gjekk med til informasjon om bruk av IKT i faget og opprettinga av denne bloggen. Den skal dokumentere arbeidet eg gjer i faget og fungere som ein logg over prosessen undervegs. Har aldri blogga før, så dette kan bli spennande! Etter lunch var det igjen tid for tegning, denne gongen av bokstavar i ulik form og størrelse, før me gruppevis laga vår eiga utstilling av dagens og gårsdagens resultat. Mi gruppe laga ei særs djup utstilling, om eg får sei det sjølv, med kreativ kunst og ulike bodskap. Hadde kunn ein halvtime på å lage utstillinga, så det var mykje me ikkje fekk tid til å tenkje på, pluss at det er mykje me burde ha tenkt på som me rett og slett ikkje har lært enda. Igjen: alt må lærast ein gong! Har lagt ved bilete av vår utstilling her:
Kreativ kunst