tirsdag 16. november 2010

DET ENDELEGE RESULTATET I KUNST!

No er eg ferdig med det endelege resultatet i kunst. Har jobba mykje med klokka mi og synes det er vanskeleg å legge den heilt i frå seg, men no føler eg at eg har gjort mitt beste. Eg vil no skrive litt om tankane mine bak produktet og kva dei ulike delane av arbeidet symbolserar. Har fortalt mykje undervegs på bloggen, men her kjem ei oppsummering:

Framgangsmåten: Eg byrja med å skjere ut reima og festet i papp kring 10 gonger så stort som eit vanleg armbandsur (målte frå mi eiga klokke). Deretter klipte eg ut tekstilane som skulle kle reima: blått bomullsstoff og eit grått strykestoff, strauk dei og limte dei på. Reima tilpassa eg også til vegguret og planla korleis eg skulle feste den på (rett breidde, brett og limpistol). Deretter klipte eg til og limte på dei ulike verkemiddela og materiala. Avslutta med å lime alle delane (reimene, klokka, festet) saman.

Bruk av materiale: Eg har brukt mange ulike materiale for å gi klokka eit spennande og variert uttrykk. Prøvde fleire i utprøvingane, men her er dei eg enda opp med:
Papp, bomullsstoff, tyll, ullgarn, skinn (prøvelapp for skinnsofa), sand frå Santorini (Hellas), plastperler, kartong i ulike fargar, silkeband og ei veggklokke frå Jysk. Veggklokka var det mogleg å skru frå kvarandre å gjere noko med (måle til dømes), men eg valte å halde på det tradisjonelle ved klokka og køyre omgrepet "readymade" heilt ut. Klokka er dermed slik folk flest vil beskrive ei klokke, medan reimene er det surrealistiske. 

Former: Eg har prøvd å få med fleire ulike mønster og former i arbeidet mitt. Striper (diagonale og horisontale),  kuler, linjer, flater, kvadrat (overlapping, hjørner møter hjørner for å lage nye rektangel i det gjennomsiktige stoffet), rektangel (festet) og organiske former (netting og blomst i lag).

Fargar og symbolikk: Som eg skreiv om på eit tidlegare blogginnslag skal den øvste reima vere uroleg i fargar og former i forhold til den nedste som skal vere meir roleg. Dette er for å vise at livet er rikt på fargar og hendingar, nokon forstyrrande og problematiske, andre positive og harmoniske. Den nedste reima er lengst både fordi den vanlegvis er det på eit vanleg armbandsur og fordi det er dei positive opplevingane me ynskjer mest av. Den øvste er uroleg fordi det er i toppen, altså i hovudet, det ofte er mest rot og stress.

Den urolege reima:
Her har eg brukt ein djup blå bakgrunn for å ha eit roleg utgangspunkt. Deretter har eg festa på ulike materiale i blå, gull og oransje fargar.

Blå (ulike nyansar) = fører med seg mørke, kjensle av rom, symboliserer eve, konsentrasjon, sanning, tru og håp, kulde, einsemd, fortvilelse og angst. Ein kald farge. Ein farge som dreg sjåaren etter seg, kan minne om skugge. Rom måla i blått verkar tomme og kalde.
Oransje = komplementærkontrast til blå, uttrykk for høg energi, signalfarge (fare), temperament.
Gul =falsk farge, misunning, sjukdom, bitterheit og hat
Brun (skinn) = forråtning, undergang, død (same som maurane)
 
Komplementærkontrast = blå og oransje
Fargenyansar i blått

Den rolege reima:
Her har eg brukt ein nøytral mørk (grå) bakgrunn, med fargane raud, grøn og gul i ulike former og materiale.
Raud = symbol på livet, kjærleik, lidenskap, styrke, mot og vilje. Varm og positiv farge.
Rosa = romantikk, ungdom og femininitet. Eit hint om at jente har laga kunsten?
Grøn = fruktbarheit, vekst, framgang, håp, harmoni, omsorg, ro, kvile, sunnheit, ungdom og
tryggleik. Naturens farge. Komplementærfarge til raud.
Grå = forsiktigheit, nøytralt
Komplementærkontrastar = raud og grøn

Primærfargar = har brukt dei 3 primærfargane som base i kunstverket – raud, blå og gul

Dei fleste fargar kan symbolisere både positive og negative kjensler. Eg har her valt ut dei symbola som er mest aktuelle for mitt bodskap og det eg sjølv forbinder fargane med.

Kjelder om fargesymbolikk:
Goethe, J.W. Goethes farvelære. Utvalg og kommentarer ved Torger Holtsmark. Oslo: Ad Ntam Gyldendal forlag AS.
Schmidt, L. Farve og lyser. Studier i Goethes farvelære. Forlaget Klematis AS, 1993.

Andre symbol: ”Klokka er også på denne stoppa rett før klokka 3, noko som krev litt meir forklaring. Talet 3 er kjent for å vere eit magisk tal med mange tydingar, noko eg tenkjer også livet er: uforutsigbart, kva kjem rundt neste hjørne? Me kan bruke tida som kjem til store ting, mest det me vil! Moglegheitene er mange! Talet 3 dukkar opp i fleire samanhengar: i uttykket ”third time’s a charm”, 3 raude roser, dei heilage 3 kongar, maktfordelingsprinsippet, dei 3 grunnfargane (raudt, gult, blått), den heilage treeininga, og ikkje minst i eventyr der 3 er det mest brukte talet (3 brør, 3 hindringar før målet blir nådd, 3 hovud på trollet osv.)” Kopiert frå tidlegare blogginnlegg…


Salvador Dalí - Hudkommelsens standhaftighet
Bruk av inspirasjonskjelda: Mitt kunstresultat er ganske annleis enn bilete til Dalí, men har likevel mange fellestrekk. Eg har jobba med klokkene som utgangspunkt og ville gjere ei klokke surrealistisk på min eigen måte. Derfor laga eg eit armbandsur på størrelse med ei veggklokke. Dalís sandstrandbakgrunn inkluderte eg ved å lage eit organisk mønster på den nedste reima med sand som eg sjølv har funne. Dalí er mellom anna kjent for å bruke velkjende objekt i unaturlege samanhengar, og maur er noko som ofte går att i verka hans som eit symbol på død og noko som råtnar. Maur finn me også på dette bilete (på lommeuret nede til venstre), så derfor har eg brodert maur og festa på den øvste reima. Eg har brodert 3 maurar for gjentaking av talet 3, som er mitt eige symbol i kunsten. Elles har eg også henta fargar frå bilete: blått frå himmelen, oransje frå lommeuret, samt gult og grønt frå fjella i bakgrunnen. Den brune fargen på skinnet kan me også sjå att i landskapet/bakken.

Mine tankar om sluttresultatet: Etter mykje arbeid og mange timar på kjøkkengolvet seier eg meg no ferdig med kunstarbeidet mitt. Eg er nøgd med produktet og synes eg har fått til mi eiga tolking av Dalí sitt bilete slik eg såg det føre meg. Eg har også jobba mykje med fargar og lært meir om fargesirkelen, komplementærkontrastar og kva dei kan symbolisere. Lærerik og kjekk oppgåve.

mandag 15. november 2010

Siste finpuss...

Den siste innspurten på kunstoppgåva har vore å laga festet på klokka i papp og skinn. Begynte med å måle til kor stort festet skulle vere i forhold til reima, og skar dette ut i papp ved hjelp av ein tapetkniv. Sidan skinnlappane mine var forholdsvis små måtte også størrelsen på desse inn i berekninga.

Den første eg laga vart eg ikkje nøgd med. Eg klipte skinnlappen opp i strimler som eg festa på pappen med RX-lim, men fekk det ikkje heilt til. Skøytane glippa litt og brettane kom på ulike plassar på festet. Laga derfor enda eit utkast.

Den andre laga eg for å prøve ut ein ny tilpassing av skinnet og for å teste ut korleis det er å arbeide med limpistol. Dette gjekk mykje betre! Ein erfaring eg gjorde meg her var at limet storknar svært fort og at eg ikkje må lime på sjølve pappen for å unngå klumpar under skinnet. Eg skal heller lime på brettekantane og feste desse på baksida. Sidan limen er så sterk går dette heilt fint. Ein anna erfaring er at limen også er svært varm... Men det gjekk også heilt fint! Til denne delen av arbeidet fekk eg hjelp av min kjære Ole Jacob til utskjeringane og fekk låne limpistol av mi gode venninde og nabo Anne Marie! Kjekt med så snille folk rundt meg som kan hjelpe meg ein gang i blandt:)

 

"3rd time's a charm"! Det tredje forsøket vart vellukka og eg seier meg no fornøgd med festet på klokka.

Klokkefeste på 1 - 2 - 3

fredag 12. november 2010

Kreative sjeler treng ein kreativ arbeidsplass!

Har dei siste dagane okkupert heile kjøkkenet, så vil med dette meddele min takk til mi venninde og sambuar Silje for tolmodigheit med meg og min kunst!
Kjøkkengolvet

Kjøkkenbordet

torsdag 11. november 2010

Kunst

Meir arbeid med utkast i kunstoppgåva
Denne gongen har eg igjen laga nye reimer i mindre størrelse. Sidan eg på det førre utkastet jobba mest med fargar, ville eg no teste ut korleis ideane mine om ulike materiale vil fungere. Eg har i utgangspunktet ein klar tanke om korleis sluttresultatet skal bli, men syns det var greitt å teste ut litt fleire materiale og teknikkar.

Her er erfaringane eg gjorde meg:
Ris - vanskeleg å feste til bomullsstoff, mykje datt av. Hadde heller ingen spesiell symbolverdi anna enn kanskje litt surrealistisk.
Spagetti - fungerte greitt, ga eit spenstig uttrykk, men er ikkje sikker om dette er noko eg vil ha med på det endelege resultatet
Blå silkeband og gullnetting - laga dette innslaget både for fargesymbol og for å inkludere tydelege geometriske former.
Broderi - laga skisser til å brodere maur, som også kjem frå Dalí bilete. Dette er også eit symbol han brukar mykje i verka sine.
Gult silkeband - skape uro med gul som varselfarge.
 
Raude band - prøvde først med bomullsstoff, men dette var vanskeleg å klippe jamt til. Satsa derfor på raud kartong med rosa tyll i midten for å gi djubde.
Dusk - eg laga duskar av raudt for fargesymbolikken og for å lage ein vri på hola i reima. Dette likte eg fordi dei ga arbeidet mitt eit tredimensjonalt uttrykk og meir liv. Kanskje eg også skal lage grøn dusk og få komlementærkontrast?
Blomst - prøvde meg på ei rosa rose av silkestoff og grøne blad av ulltråd, men syns ikkje dette passa inn likevel.
Sand - henta ideen frå Dalí bilete: sandstrand. Sanden eg brukte var sand eg hadde heime som eg har teke med meg frå den greske øya Santorini for nokre år sidan. Kanskje dette kan gi arbeidet eit verdsleg preg?

Fann og ut, etter tips frå Berit, om å bruke skinn som materiale på den øverste delen av klokka. Derfor tok eg i dag turen hit på Møbelringen og spurte om dei hadde nokon prøvelappar liggande. Snille som dei var fekk eg ein heil ”katalog”! Fann ein farge som eg syns passa best som eg skal feste på seinare i kveld.

Har etter dette utkastet laga meg eit enda tydelegare bilete av korleis det endelege resultatet skal bli! Følg med på bloggen, skal legge ut bilete og informasjon så snart eg er ferdig!

onsdag 10. november 2010

VISUELL KOMMUNIKASJON - resultatet




Etter ein lang prosess og mykje jobb er eg no ferdig med arbeidskravet i visuell kommunikasjon ”å vere student”. Eg har valt å legge mest vekt på idealstudenten og kva det å studere som regel bærer preg av: å lese, skrive og å ”ha nasen i boka”. Boka er gull verdt i form av kunnskap og lærdom, og det er svært viktig å lese det ein skal av pensum for å komme vidare i studiet. Men om ein derimot blar litt vidare i studenttilværet ser ein at det er også mange andre kjekke sider (bokstavlig talt): å stifte nye kjennskap, få gode vener, vere ein del av eit godt klassemiljø, ta del i studentmiljøet og alt det har å by på.

Utstyr:
  • Ei bok à tilfeldig vald med tanke på innhald, men bevisst med tanke på størrelse og form
  • Akrylmåling i ulike fargar  à raud, brun, kvit, svar
  • Anna måleutstyr à penslar i ulike størrelsar, spatel
  • Gips og vaselin til støyping av nase
  • Min eigen nase til modell
  • Bilete à teke privat, avisutklipp og scrapbookark
Kva eg har gjort og tankane bak:
Eg vil no gå litt nærare inn på kva eg gjort under arbeidsprosessen, kva eg har lagt vekt på og kva tankar eg har bak dei enkelte vala:

Sjølve boka: Boka var som sagt tilfeldig valt med tanke på innhald, men bevisst i forhold til størrelse og tjukkelse. Boka måtte vere stor nok slik at eg fekk med alle symbola og effektane eg ville, men ikkje så stor at dei drukna på for store flater. Elles synes eg det var fint at permen var mørk, slik at det vart ein kontrast til dei gullspraya arka.

Nasen: Nasen er ei gipsavstøyping av min eigen nase. Eg laga fleire utkast til nasen på verkstaden på skulen, der den siste av dei 4 eg laga er den som er på boka. Den vart tilslutt måla i ein hudfarge og forsøkt å legge på naturlege skuggar. Elles jobba eg mykje med å skjere den til slik at den passa mest mogleg inn mellom brettane. Den skulle ikkje stikke opp av boka eller ligge oppå, men heller komme ut av boka og ligge naturleg innimellom. Dette følte eg at eg fekk til tilslutt.

Bilete og måling på sidene: På den venstre sida i det nedre hjørnet er det ein mur. Denne skal symbolisere byggesteinane undervegs i utdanninga og korleis ein student lagar grunnmuren for arbeidslivet seinare. Hjå nokon kan denne muren ha hol som følgje av t.d. mist undervisning og arbeidskrav, og at det er mange punkt i utdanninga som må føljast for å få eit solid utgangspunkt i framtida. Det er da ein sjanse å ta kor mange mursteinar ein kan gå glipp av før muren rasar saman… Over muren er det ein tekst frå ei avis som skal gi eit bilete på lesing og litteratur. Tekstutdraget eg har valt ut handlar om genteknologi og individet, som kan leie oss inn på diskusjonen kring arv og miljø som påverknadar for korleis me som menneske, og studentar, blir.

På den andre sida i boka har eg brukt spatel for å lage eit slitt uttrykk i kanten. Boka er gammal, godt brukt og verdifull. Ikkje berre denne boka, men bøker generelt. Kanskje kan dette lede til diskusjonen kring nettbøker og kva elevane i skulen vil ha? Kan internett og datateknologien erstatte bøkene? Nede i hjørnet har eg mala inn eit utsnitt av handskrift som også er ein del av det å studere: lese, lære og skrive.

Når ein blar om i boka: Om du blar til venstre finn du ei anna side ved studenttilværet: venskap og musikk. Musikknotane er tatt frå scrapbooking utstyr, medan vennebilete er av meg og dansegruppa mi. På den måten kan bilete også symbolisere trening. Begge desse er for meg positive sider.

På den andre sida er det eit bilete av studenthuset ”Meieriet” i Sogndal og eit bilete av gamleklassen min. Begge desse gjer igjen at det vert personleg for meg. Studentmiljø og klassemiljø er begge svært viktige faktorar i ein god studenttilværelse.

Bileta på begge sidene har eg ramma inn for å gi dei eit reinare uttrykk enn dei bileta frampå boka. Eg har valt brun sidan den fargen går att, pluss innslag av ein ferskenfarge som eg fann att på to av bileta.

Håpar desse bodskapane eg har tenkt på kjem fram og at dei som ser på oppgåva mi får ein del av dei same tankane som eg har. Det har iallfall vore ein spennande prosess og eg har kosa meg med arbeidet.

tirsdag 9. november 2010

VIDAREUTVIKLING AV UTKAST 2


Her ser de vidareutviklinga av det andre utkastet eg laga til kunstoppgåva:

Dette utkastet laga eg mindre enn det eg tenkjer det endelege resultatet skal vere for å ha fokus på å teste ut fargar og samansetjingar. Eg har denne gongen lagt meir vekt på kva fargar eg har brukt og sett meg meir inn i kva dei ulike fargane symboliserar. Eg laga først ei skisse på ark over ideane mine, før testa dei ut i praksis.

Tanken bak:
Planen bak dette utkastet var som sagt å tenkje meir på fargar og komposisjon. Eg har no bestemt meg for at den eine reima skal vere uroleg i fargar og former, medan den andre skal vere roleg og harmonisk. Den urolege reima skal symbolisere at av og til kan livet og det tida går med til vere noko negativt, vanskeleg, utfordrande eller forvirrande. Kanskje skjer noko uventa som me må ta stilling til på kort tid? Den rolege reima skal symbolisere dei harmoniske sidene ved livet og det som er positivt. Etter tips frå Stig i klassen skal den urolege reima vere den øvste. Grunnen til dette er at dei uroleg tankane sit i hovudet som likeins sit øvst på kroppen. Dette tenkjer eg også passar bra for den neste reima sidan den er den lengste og at det er nettopp dei sidene ved livet me ønskjer å oppleve mest av.

Klokka er også på denne stoppa rett før klokka 3, noko som krev litt meir forklaring. Talet 3 er kjent for å vere eit magisk tal med mange tydingar, noko eg tenkjer også livet er: uforutsigbart, kva kjem rundt neste hjørne? Me kan bruke tida som kjem til store ting, mest det me vil! Moglegheitene er mange! Talet 3 dukkar opp i fleire samanhengar: i uttykket ”third time’s a charm”, 3 raude roser, dei heilage 3 kongar, maktfordelingsprinsippet, dei 3 grunnfargane (raudt, gult, blått), den heilage treeininga, og ikkje minst i eventyr der 3 er det mest brukte talet (3 brør, 3 hindringar før målet blir nådd, 3 hovud på trollet osv.) Denne ideen skal eg vidareføre til det endelege resultatet.

Når det gjeld val av fargar har eg sett meg meir inn i fargesirkelen og lese mest på nettet for å finne fargesymbol. Døme på websider der eg har funne informasjon:
Eg har også lånt ei bok av Berit og ei bok fra biblioteket som eg skal lese litt i før eg lagar det endelige utkastet.

Den urolege reima:
Her har eg brukt ein djup blå bakgrunn (bomullsstoff) for å ha eit roleg utgangspunkt. Deretter har eg festa på ulike materiale i blå, lilla, gull og oransje fargar. Oransje fordi den er komplementærfargen til blå, lilla kan symbolisere ettertanke, anger, frustrasjon og uro, og blå kan symbolisere evigskap, tru og håp. Gull er med for å vise at også dei negative opplevingane kan vere viktige i den store samanheng.

Den rolege reima:
Her har eg brukt ein nøytral mørk (grå) bakgrunn, med raude og gule fargar + noko i gull og blått (sjå forklaring over). Det raude skal vere eit symbol på liver, kjærleik, styrke og mot og er ein varm og positiv farge. Gul har eg teke med for å lede tankane til vår, fornying, glede og ungdom. Gul kan eg eventuelt heller bruke på den urolege reima som ein varselfarge.

Fargesymbolikken skal eg fortelje meir om når på det endelege utkastet. Sjølv om tekstilane kanskje endrar seg undervegs kjem eg mest truleg til å holde på fargevala.

Kva eg synes om dette utkastet: Her har eg jobba meir med fargar, men vart så opphengt i symbolikken at eg mista litt av variasjonen med ulike tekstilar. Dette vil eg prøve å finne att og gjerne også utvikle meir i mitt neste utkast.

Utfordringar og vegen vidare: På det neste utkastet skal eg prøve ut fleire tekstilar og materiale eg kan ha på klokkereima. Eg tenkjer at eg vil prøve sand, tråd, broderi og spagetti. Ein erfaring eg også gjorde med medan eg dreiv på med dette utkastet var at eg på den endelege utkastet skal tenke på størrelsesforholdet mellom dei to reimene og kor lange dei skal vere i forhold til eit reelt armbandsur.

Kom gjerne med tips til kva anna materiale eg kan bruke! Alle innspel vert mottekne med takk:)

mandag 8. november 2010

Kunst - Utkast 3

Her kjem mitt tredje utkast til kunstoppgåva:
Kva: Klokketre
Som det tredje utkastet prøvde eg ut ein idé som rett og slett datt inn i hovudet mitt når eg sat og såg på Dalí sitt bilete ”Hudkommelsens Standhaftighet”. Kva om eg laga eit tre og heng ulike klokker på? Det eg gjorde var at eg skar til ei lita grein, planta den nedi eit glas fylt med grus, og spreia det i gull. Etterpå festa eg gamle og nye klokker på greinene. Nokon av klokkene var mine, ei lånte eg av ei venninne, og nokon fekk eg faktisk på Bjørklund (urmakarbutikken på Sogningen Storsenter). Kjempekjekt å få litt hjelp til kunsten!

Tanken bak:
Eg har på dette utkastet reflektert over kva tid betyr for folk, og at dei ulike klokkene kan symbolisere denne ulikskapen. Alle har ei eiga klokke – si eiga tid å gjere ting på, sitt eige tempo, sin eigen smak på korleis ei klokke skal sjå ut. At greina veks opp av grus er inspirert av omgrepet "løvetannbarn", altså at nokon klarar seg uansett kva utgangspunkt dei har (arv og miljø). Tida er lik for alle og det er opp til den enkelte kva han eller ho vil bruke den til. Treet er eit symbol på at det veks og gror, og at tida alltid vil gå framover. Treet er også spraya i gull for å vise at tida er gull-verdt!

Det positive med utkastet:
Eg likte dette utkastet på grunn av symbolet på at tid er unikt og betyr noko spesielt for alle. Det var spennande med dei ulike klokkene og gulltreet, men det blir kanskje noko einsformig. Det er også eit minus for min eigen del at eg óg nytta gull på visuell kommunikasjonsoppgåva, slik at gull som symbol her ikkje vert like spennande.

Utfordringar og vegen vidare:
Dette utkastet kunne ha vore vidareutvikla ved å: feste fleire ting på treet, legge meir vekt på kva klokker eg kan henge på, korleis eg kan pynta glaset treet står i, kanskje fylle det med noko anna enn grus (kanskje sand som på maleriet), og jobba med ulike størrelsar. Men min favoritt blant utkasta er nok nummer 2, så eg vel å ikkje jobbe vidare med klokketreet.