mandag 8. november 2010

Kunstoppgåva - Utkast 1


Her er det første utkastet til eit arbeid i kunstoppgåva:

Kva: Klokke i papp
Det første utkastet var ei heilt enkel klokke laga i papp. Eg farga reima grøn og teikna eit stopp-skilt som bakgrunn for sjølve uret. Eg valte å prøve ut dette for å lage ein konkret versjon av klokka til Dalí, men meir oppdatert i form av eit armbandsur.

Tanken bak:
Ideen her var å jobbe ut frå tanken om stoppskltet. Dette skulle vere eit symbol på at tida ikkje kan stoppast og at ein må gjere det meste utav dei timane og minuttane me har til rådigheit. Det eg fann ut etterkvart var at det eg hadde teikna var eit "innkøyring forbudt" skilt, og da mista det litt av symbolkrafta kan ein sei ;)Eg ville også symbolisere at tid i seg sjølv er eit standarisert omgrep om fungerar annleis i dag enn det gjorde før. Då tenkjer eg spesielt på korleis folk disponerar tida si og korleis dei planla dagen etter til dømes dagslyset og sola.


Val av fargar var delvis bevisst. Eit ”stoppskilt” er raud i utgangspunktet, og kunne i mitt utkast støtte opp under tanken om livet og dermed kva ein brukar tida si på. Kanskje vil ein av og til stoppe opp tida for å ekstra nyte ei god oppleving, eller kanskje vil ein stoppe tida fordi ein veit at noko vanskeleg eller negativt kjem rett rundt hjørnet. Fargen grøn på reima valde eg på grunn av at den var komplementærfargen til raud. Grøn kan vere eit symbol på vekst, framgang, håp, omsorg, sunnheit og ungdom, og dette er alle punkt som støtter opp om framtidstankar og positiv atmosfære.

Kva eg syns sjølv om utkastet:
Tanken bak utkastet synes eg vart grei, men ser at dette ikkje kom noko særleg fram. Eg syns også at uttrykket vart noko hardt og flatt på grunn av pappen, og at dette materiale var for enkelt å jobbe med. Det vart også noko enkelt med kunn fargar frå fargeblyantar.

Utfordringar og vegen vidare:
Denne oppgåva kan utviklast ved å sette meg meir inn i kva materiale eg kan bruke: tre, ready-mades, papp, tekstilar, materiale frå naturen osv. Men eg trur at dette ikkje er noko eg vil jobbe vidare med. Skiltet vart ikkje eit så godt poeng, kanskje også overtydeleg, når eg fann ut at det faktisk står ”STOPP” på skiltet. Fekk også eit tips frå Berit om at kanskje klokkene til Dalí gir eit mjukt uttrykk som kan minne om tekstilar, og at dette er noko eg kan jobbe vidare med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar