tirsdag 16. november 2010

DET ENDELEGE RESULTATET I KUNST!

No er eg ferdig med det endelege resultatet i kunst. Har jobba mykje med klokka mi og synes det er vanskeleg å legge den heilt i frå seg, men no føler eg at eg har gjort mitt beste. Eg vil no skrive litt om tankane mine bak produktet og kva dei ulike delane av arbeidet symbolserar. Har fortalt mykje undervegs på bloggen, men her kjem ei oppsummering:

Framgangsmåten: Eg byrja med å skjere ut reima og festet i papp kring 10 gonger så stort som eit vanleg armbandsur (målte frå mi eiga klokke). Deretter klipte eg ut tekstilane som skulle kle reima: blått bomullsstoff og eit grått strykestoff, strauk dei og limte dei på. Reima tilpassa eg også til vegguret og planla korleis eg skulle feste den på (rett breidde, brett og limpistol). Deretter klipte eg til og limte på dei ulike verkemiddela og materiala. Avslutta med å lime alle delane (reimene, klokka, festet) saman.

Bruk av materiale: Eg har brukt mange ulike materiale for å gi klokka eit spennande og variert uttrykk. Prøvde fleire i utprøvingane, men her er dei eg enda opp med:
Papp, bomullsstoff, tyll, ullgarn, skinn (prøvelapp for skinnsofa), sand frå Santorini (Hellas), plastperler, kartong i ulike fargar, silkeband og ei veggklokke frå Jysk. Veggklokka var det mogleg å skru frå kvarandre å gjere noko med (måle til dømes), men eg valte å halde på det tradisjonelle ved klokka og køyre omgrepet "readymade" heilt ut. Klokka er dermed slik folk flest vil beskrive ei klokke, medan reimene er det surrealistiske. 

Former: Eg har prøvd å få med fleire ulike mønster og former i arbeidet mitt. Striper (diagonale og horisontale),  kuler, linjer, flater, kvadrat (overlapping, hjørner møter hjørner for å lage nye rektangel i det gjennomsiktige stoffet), rektangel (festet) og organiske former (netting og blomst i lag).

Fargar og symbolikk: Som eg skreiv om på eit tidlegare blogginnslag skal den øvste reima vere uroleg i fargar og former i forhold til den nedste som skal vere meir roleg. Dette er for å vise at livet er rikt på fargar og hendingar, nokon forstyrrande og problematiske, andre positive og harmoniske. Den nedste reima er lengst både fordi den vanlegvis er det på eit vanleg armbandsur og fordi det er dei positive opplevingane me ynskjer mest av. Den øvste er uroleg fordi det er i toppen, altså i hovudet, det ofte er mest rot og stress.

Den urolege reima:
Her har eg brukt ein djup blå bakgrunn for å ha eit roleg utgangspunkt. Deretter har eg festa på ulike materiale i blå, gull og oransje fargar.

Blå (ulike nyansar) = fører med seg mørke, kjensle av rom, symboliserer eve, konsentrasjon, sanning, tru og håp, kulde, einsemd, fortvilelse og angst. Ein kald farge. Ein farge som dreg sjåaren etter seg, kan minne om skugge. Rom måla i blått verkar tomme og kalde.
Oransje = komplementærkontrast til blå, uttrykk for høg energi, signalfarge (fare), temperament.
Gul =falsk farge, misunning, sjukdom, bitterheit og hat
Brun (skinn) = forråtning, undergang, død (same som maurane)
 
Komplementærkontrast = blå og oransje
Fargenyansar i blått

Den rolege reima:
Her har eg brukt ein nøytral mørk (grå) bakgrunn, med fargane raud, grøn og gul i ulike former og materiale.
Raud = symbol på livet, kjærleik, lidenskap, styrke, mot og vilje. Varm og positiv farge.
Rosa = romantikk, ungdom og femininitet. Eit hint om at jente har laga kunsten?
Grøn = fruktbarheit, vekst, framgang, håp, harmoni, omsorg, ro, kvile, sunnheit, ungdom og
tryggleik. Naturens farge. Komplementærfarge til raud.
Grå = forsiktigheit, nøytralt
Komplementærkontrastar = raud og grøn

Primærfargar = har brukt dei 3 primærfargane som base i kunstverket – raud, blå og gul

Dei fleste fargar kan symbolisere både positive og negative kjensler. Eg har her valt ut dei symbola som er mest aktuelle for mitt bodskap og det eg sjølv forbinder fargane med.

Kjelder om fargesymbolikk:
Goethe, J.W. Goethes farvelære. Utvalg og kommentarer ved Torger Holtsmark. Oslo: Ad Ntam Gyldendal forlag AS.
Schmidt, L. Farve og lyser. Studier i Goethes farvelære. Forlaget Klematis AS, 1993.

Andre symbol: ”Klokka er også på denne stoppa rett før klokka 3, noko som krev litt meir forklaring. Talet 3 er kjent for å vere eit magisk tal med mange tydingar, noko eg tenkjer også livet er: uforutsigbart, kva kjem rundt neste hjørne? Me kan bruke tida som kjem til store ting, mest det me vil! Moglegheitene er mange! Talet 3 dukkar opp i fleire samanhengar: i uttykket ”third time’s a charm”, 3 raude roser, dei heilage 3 kongar, maktfordelingsprinsippet, dei 3 grunnfargane (raudt, gult, blått), den heilage treeininga, og ikkje minst i eventyr der 3 er det mest brukte talet (3 brør, 3 hindringar før målet blir nådd, 3 hovud på trollet osv.)” Kopiert frå tidlegare blogginnlegg…


Salvador Dalí - Hudkommelsens standhaftighet
Bruk av inspirasjonskjelda: Mitt kunstresultat er ganske annleis enn bilete til Dalí, men har likevel mange fellestrekk. Eg har jobba med klokkene som utgangspunkt og ville gjere ei klokke surrealistisk på min eigen måte. Derfor laga eg eit armbandsur på størrelse med ei veggklokke. Dalís sandstrandbakgrunn inkluderte eg ved å lage eit organisk mønster på den nedste reima med sand som eg sjølv har funne. Dalí er mellom anna kjent for å bruke velkjende objekt i unaturlege samanhengar, og maur er noko som ofte går att i verka hans som eit symbol på død og noko som råtnar. Maur finn me også på dette bilete (på lommeuret nede til venstre), så derfor har eg brodert maur og festa på den øvste reima. Eg har brodert 3 maurar for gjentaking av talet 3, som er mitt eige symbol i kunsten. Elles har eg også henta fargar frå bilete: blått frå himmelen, oransje frå lommeuret, samt gult og grønt frå fjella i bakgrunnen. Den brune fargen på skinnet kan me også sjå att i landskapet/bakken.

Mine tankar om sluttresultatet: Etter mykje arbeid og mange timar på kjøkkengolvet seier eg meg no ferdig med kunstarbeidet mitt. Eg er nøgd med produktet og synes eg har fått til mi eiga tolking av Dalí sitt bilete slik eg såg det føre meg. Eg har også jobba mykje med fargar og lært meir om fargesirkelen, komplementærkontrastar og kva dei kan symbolisere. Lærerik og kjekk oppgåve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar