tirsdag 9. november 2010

VIDAREUTVIKLING AV UTKAST 2


Her ser de vidareutviklinga av det andre utkastet eg laga til kunstoppgåva:

Dette utkastet laga eg mindre enn det eg tenkjer det endelege resultatet skal vere for å ha fokus på å teste ut fargar og samansetjingar. Eg har denne gongen lagt meir vekt på kva fargar eg har brukt og sett meg meir inn i kva dei ulike fargane symboliserar. Eg laga først ei skisse på ark over ideane mine, før testa dei ut i praksis.

Tanken bak:
Planen bak dette utkastet var som sagt å tenkje meir på fargar og komposisjon. Eg har no bestemt meg for at den eine reima skal vere uroleg i fargar og former, medan den andre skal vere roleg og harmonisk. Den urolege reima skal symbolisere at av og til kan livet og det tida går med til vere noko negativt, vanskeleg, utfordrande eller forvirrande. Kanskje skjer noko uventa som me må ta stilling til på kort tid? Den rolege reima skal symbolisere dei harmoniske sidene ved livet og det som er positivt. Etter tips frå Stig i klassen skal den urolege reima vere den øvste. Grunnen til dette er at dei uroleg tankane sit i hovudet som likeins sit øvst på kroppen. Dette tenkjer eg også passar bra for den neste reima sidan den er den lengste og at det er nettopp dei sidene ved livet me ønskjer å oppleve mest av.

Klokka er også på denne stoppa rett før klokka 3, noko som krev litt meir forklaring. Talet 3 er kjent for å vere eit magisk tal med mange tydingar, noko eg tenkjer også livet er: uforutsigbart, kva kjem rundt neste hjørne? Me kan bruke tida som kjem til store ting, mest det me vil! Moglegheitene er mange! Talet 3 dukkar opp i fleire samanhengar: i uttykket ”third time’s a charm”, 3 raude roser, dei heilage 3 kongar, maktfordelingsprinsippet, dei 3 grunnfargane (raudt, gult, blått), den heilage treeininga, og ikkje minst i eventyr der 3 er det mest brukte talet (3 brør, 3 hindringar før målet blir nådd, 3 hovud på trollet osv.) Denne ideen skal eg vidareføre til det endelege resultatet.

Når det gjeld val av fargar har eg sett meg meir inn i fargesirkelen og lese mest på nettet for å finne fargesymbol. Døme på websider der eg har funne informasjon:
Eg har også lånt ei bok av Berit og ei bok fra biblioteket som eg skal lese litt i før eg lagar det endelige utkastet.

Den urolege reima:
Her har eg brukt ein djup blå bakgrunn (bomullsstoff) for å ha eit roleg utgangspunkt. Deretter har eg festa på ulike materiale i blå, lilla, gull og oransje fargar. Oransje fordi den er komplementærfargen til blå, lilla kan symbolisere ettertanke, anger, frustrasjon og uro, og blå kan symbolisere evigskap, tru og håp. Gull er med for å vise at også dei negative opplevingane kan vere viktige i den store samanheng.

Den rolege reima:
Her har eg brukt ein nøytral mørk (grå) bakgrunn, med raude og gule fargar + noko i gull og blått (sjå forklaring over). Det raude skal vere eit symbol på liver, kjærleik, styrke og mot og er ein varm og positiv farge. Gul har eg teke med for å lede tankane til vår, fornying, glede og ungdom. Gul kan eg eventuelt heller bruke på den urolege reima som ein varselfarge.

Fargesymbolikken skal eg fortelje meir om når på det endelege utkastet. Sjølv om tekstilane kanskje endrar seg undervegs kjem eg mest truleg til å holde på fargevala.

Kva eg synes om dette utkastet: Her har eg jobba meir med fargar, men vart så opphengt i symbolikken at eg mista litt av variasjonen med ulike tekstilar. Dette vil eg prøve å finne att og gjerne også utvikle meir i mitt neste utkast.

Utfordringar og vegen vidare: På det neste utkastet skal eg prøve ut fleire tekstilar og materiale eg kan ha på klokkereima. Eg tenkjer at eg vil prøve sand, tråd, broderi og spagetti. Ein erfaring eg også gjorde med medan eg dreiv på med dette utkastet var at eg på den endelege utkastet skal tenke på størrelsesforholdet mellom dei to reimene og kor lange dei skal vere i forhold til eit reelt armbandsur.

Kom gjerne med tips til kva anna materiale eg kan bruke! Alle innspel vert mottekne med takk:)

1 kommentar: