torsdag 30. september 2010

Innsamling av materiale


Sidan sist samling har mykje av tida i arbeidet med faget gått med til å idémyldring rundt oppgåva i visuell kommunikasjon. Eg har teikna og kladda i sketchboka, lest i blad og bøker, ja rett og slett leita etter inspirasjon til kva eg kan gjere. Som hovudfokus i oppgåva mi har eg valt å legge vekt på dei positive sidene ved det å vere student. Eg ønskjer å formidle ulike sider av studenttilveret (lese, lære, skrive, glede, sosialt liv, aktivitet, økonomi, uteliv, venner, kjærast, osv), korleis desse vert opplevd og kva mål ein har med studie. Eg tenkjer å prøve ut fleire ulike teknikkar før eg bestemm meg for korleis eg vil gjere det:

  • Tegning
  • Måling: akryl, oljemåling, akvarell?
  • Collage
  • Foto og redigering
  • Dekoupage
  • Trykk

Kom gjerne med forslag til andre teknikkar:)

Eg har også samla inn ein del litteratur til inspirasjon, og den kjekkaste eg kom over var Kunstnerens håndbok av  Ray Smith.  Dette er ei bok som inneheld informasjon om måling, teikning, grafikk, digitale medier og fotografi. Grunnen til at eg likte den så godt er at i tillegg til dette har den ei oversikt over verktøy og materiale ein kan nytte. Alt er godt illustrert trinn for trinn med instruksar om korleis dette skal gjerast. Ein kan seie at boka fungerar som eit referanseverk. Eg  var så heldig at eg fekk denne boka til odel og eige av ein slektning, men den kan også kjøpast, til dømes på nettet: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=1678031


Har hatt litt tekniske problem også sidan sist, så bilete frå arbeidet og førre samling kjem seinare!

mandag 6. september 2010

Kortlaging

Den siste tida har eg latt scrapbookinginteressa mi fått fritt spelerom. Det er ein fantastisk kjekk hobby som eg byrja med i fjor sommar og som eg fort å fekk dilla på! Eg brukar mange ulike teknikkar og lagar fleite typar kort. Døme er konvoluttkort, vanlege kort, pyramidekort, smykkeskrin, vinetikettar, sjokoladeesker, trekkspelkort og diverse andre småting. Produksjonen byrjar å bli ganske stor, så eg tenkte eg kunne syne fram eit lite utval av det eg har laga:

Dette er eit typisk pyramidekort som eg laga i sommar til eit bryllup eg skulle i. Dette kortet tek ganske lang tid å lage, kanskje mellom 2 og 3 timar og ein treng ulike typar ark og pynt. Her har eg brukt kvit kartong som hovudbase, brunt ark til feste + ein pinne (grillspyd) og ark med rosemønster til dekorering. Til pynt brukte eg små blostrar og hjerter utanpå.

Når ein opnar kortet ser det slik ut inni. Ein kan tenke seg "troll-i-eske" patenten. Her har eg brukt eit ark med duse fargar og striper til dekor, blomar, utklipt hjerte og diverse stempel til pynt.
I midten av kortet er det limt fast enda eit kort som ein kan skrive litt meir på og til dømes ha eit bilete inni. Eg har her skrive på den sida ein ikkje ser, brukt stempel og eit bilete av brudeparet for å gjere kortet meir personleg.
Dette er konvoluttkort der eg nyttar ein spesiell bretteteknikk. Arka ein brukar her er av den stive varianten med fargar/mønster på begge sidene. Dette kjem godt fram på sjølve kortet. Om ein ser på kortet nederst til høgre er det arket lilla med striper på den eine sida og grønt med byrsdagslys på den andre. Temaet på desse korta er fest/bursdag med lystige fargar. Når ein opnar konvolutten ligg det eit anna ark inni som ein kan skrive på, eller ein kan velge å skrive rett på konvolutten. Ein kan sjå døme på ark med stempel øverst til høgre. Desse korta vil eg seie er dei som er enklast å lage og som tek kort tid når ein har lært seg teknikken. Mange spennane variantar av ark og pynt å velge mellom.
Denne varianten kallar eg for trekkspelkort. Desse er her bretta saman, og når ein skal opne dei knyt ein opp sløyfa på baksida av kortet og opnar det ut som eit trekkspel.

Standar kortlagingsteknikk med gammaldags tema. Har også nytta bånd til å knyte saman korta for ekstra pynt i saman med blomstrar.