torsdag 30. september 2010

Innsamling av materiale


Sidan sist samling har mykje av tida i arbeidet med faget gått med til å idémyldring rundt oppgåva i visuell kommunikasjon. Eg har teikna og kladda i sketchboka, lest i blad og bøker, ja rett og slett leita etter inspirasjon til kva eg kan gjere. Som hovudfokus i oppgåva mi har eg valt å legge vekt på dei positive sidene ved det å vere student. Eg ønskjer å formidle ulike sider av studenttilveret (lese, lære, skrive, glede, sosialt liv, aktivitet, økonomi, uteliv, venner, kjærast, osv), korleis desse vert opplevd og kva mål ein har med studie. Eg tenkjer å prøve ut fleire ulike teknikkar før eg bestemm meg for korleis eg vil gjere det:

  • Tegning
  • Måling: akryl, oljemåling, akvarell?
  • Collage
  • Foto og redigering
  • Dekoupage
  • Trykk

Kom gjerne med forslag til andre teknikkar:)

Eg har også samla inn ein del litteratur til inspirasjon, og den kjekkaste eg kom over var Kunstnerens håndbok av  Ray Smith.  Dette er ei bok som inneheld informasjon om måling, teikning, grafikk, digitale medier og fotografi. Grunnen til at eg likte den så godt er at i tillegg til dette har den ei oversikt over verktøy og materiale ein kan nytte. Alt er godt illustrert trinn for trinn med instruksar om korleis dette skal gjerast. Ein kan seie at boka fungerar som eit referanseverk. Eg  var så heldig at eg fekk denne boka til odel og eige av ein slektning, men den kan også kjøpast, til dømes på nettet: http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=1678031


Har hatt litt tekniske problem også sidan sist, så bilete frå arbeidet og førre samling kjem seinare!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar