mandag 8. november 2010

Kunst - Utkast 2


Her er det andre utkastet i kunstoppgåva:
Utkast 2. Har lagt lim og saks ved sidan av for å syne størrelsen.
Kva: Armbandsur i stor størrelse

I dette utkastet har eg jobba vidare med tanken om å bruke tekstilar saman med klokka. Eg har blitt inspirert av surrealismen til å lage armbandsuret større enn normalt og som kunst på veggen. Reima er skjert ut i papp og kledd med stoff, klokka er kjøpt på Jysk, festet er i brun kartong og dei ulike tekstilane har eg funne på skulen og heime. Her har eg brukt mange ulike tekstilar, fargar og klipt ut i ulike former for å prøve meg fram på kva eg eventuelt vil jobbe vidare med.

Tanken bak:
Tanken bak denne klokka var som sagt å lage ei klokke som er uvanleg i storleik, inspirert av surrealismen. Klokka har stoppa litt før klokka 3, og dette er ikkje tilfeldig. Talet 3 vert ofte sett på som eit magisk tal, og for meg så er framtida nettopp det også – Magisk! Ein veit aldri kva som kan skje eller kva ein kjem til å komme borti.

Reima er tilfeldig laga i val av tekstilar og fargar, rett og slett for å prøve meg fram. Og det er vel det som er poenget. Den nedre delen av reima er roleg i fargesamansetjinga og systematisk i komposisjonen, medan den andre har meir variasjon i mønster, striper og tekstilar. Om eg tek denne ideen vidare er denne delen absolutt sentral å sette seg meir inn i og jobbe vidare med. Bevisste val er nøkkelen!

Det positive med utkastet:
Eg likte dette utkastet med tanke på å lage eit armbandsur til å henge på veggen. Eg føler at dette kanskje er noko annleis og at eg kan få til eit spennande resultat. Om eg jobbar meir med fargesamansetjing og symbol trur eg at eg også vil få eit resultat som formidlar noko surrealistisk, men samstundes kanskje også djupt og kunstnarisk.

Utfordringar og vegen vidare:
Dette utkastet er det eg vel å jobbe vidare med! Eg kjem no til å sette meg inn i fargesymbolikk og eksperimentere med kva type tekstilar eg kan bruke på reima. Har også funne ut at det går an å skru klokka frå kvarandre, så eg har moglegheita til å gjere noko både med ramma og tal bakgrunnen på klokka. Det vil vere viktig å heile tida i prosessen vidare å stille meg sjølv relevante spørsmål: kva tyder dei ulike fargane? Kva er det eg vil fortelje med mine val av fargar? Kva betyr det at eg har valt ulike tekstilar? Kan det noko tyding at den eine reima er meir systematisk enn den andre? Korleis passar desse fargane saman med tanke på fargesirkelen, komplementærfargar, kontrastfargar osv.?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar