onsdag 13. oktober 2010

"Å vere student" - Utkast 2


Her er det andre utkastet til eit arbeid:
Kva: Relieff
I dette utkastet har eg valt å peile meg inn på idealstudenten og viktigskapen av boka som kunnskapskjelde. Boka er gullbelagt for å få fram kor verdifulle dei skrivne ord er og at det er ein gjenstand som studentar tilbringer mykje tid med. Boka symboliserar vegen til kunnskap og ei god utdanning som er grunnlaget for ei god framtid. Eg har også lagt på ein nase på midten for å spele på uttrykket ”nasen i boka” og gjerne få fram ei humoristisk side i relieffet. Idealstudenten har ofte nasen i boka store delar av tida som student. På sidene har eg illustrert at eg kan legge på ulike bileter for å syne fleire sider av det å vere student.

Variasjonar:
Denne ideen kan utviklast ved å sette på bilete av andre sider ved det å vere student på sidene på boka, anten foto eller teikning, slik som eg har illustrert det i rammene på kanten. Eg kan lage avstøyping av eigen nase i gips eller leire og sette på boka, og eg kan variere fargebruk på pynt, bileta og sjølve boka. Eg kan også montere relieffet opp på eit større lerret og lage bakgrunn som passar til.

Det positive med utkastet:
Det positive er at eg i dette utkastet har snevra inn tankane mine og lagt fokuset på idealstudenten. Eg likar tanken med å lage eit relieff som vert noko litt annleis enn det eg i utgangspunktet  tenkte når eg først begynte med oppgåva. Eg føler også at eg kan få meir symbolikk inn i denne varianten enn den førre (teikninga), og at eg kan jobbe meir med fargar, kombinasjonar og teknikkar. Bodskapen kjem tydlegare fram.

Utfordringar og vegen vidare:
Det eg ser er at eg kan møte på utfordringar når det gjeld montering av boka på eit lerret, alt etter kva bok og lerret eg vel å bruke. Om eg tek denne ideen vidare vil eg kanskje jobbe meir med kva eventuell bakgrunn eg skal ha, kva komplementærfargar eg kan bruke og kva mønster som kan passe for å få bodskapen med boka enda tydlegare fram. Her er det mykje eg kan ta tak i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar