mandag 25. oktober 2010

Samling 3 - Arbeid med kunstoppgåva

I dag på den 3.samlinga for Kunst og Handverk fekk me tid til å jobbe vidare med oppgåvene våre. Sidan eg er ferdig med oppgåva i visuell kommunikasjon sette eg meg til å idémyldre meir rundt kva eg ville gjere ut i frå Picasso-bilete mitt i kunst. Eg sat lenge og tenkte og tenkte og endte opp med å lage dette utkastet:

Her har eg laga min eigen variant at bilete. Eg har brukt oppatt stripene i bakgrunnen og laga eit eige portrett inspirert av kubismen. Her begynte eg med å velge meg ut komplementærfargar frå Ittens fargesirkel for å legge fokuset på portrettet av eit menneske og framheve det i bilete. Eg vart nøgd med val av fargar, men følte ikkje at dette utkastet var noko eg ville jobbe vidare med og som ville utgjere eit godt nok resultat tilslutt.

Etter dette prøvde eg ut korleis det ville fungere å lage bilete i trykk med ulike skrapeteknikkar, og forsøkte meg også litt fram med å bruke søkar:



Eg vart ikje nøgd med nokon av desse utkasta heller, så eg opplevde å få fullstendig inspirasjonstopp. For å finne den att tok meg ein tur på biblioteket for meir informasjon om Picasso, men stod framleis fast i forhold til bildet eg hadde valt meg ut. Eg trur feilen var at eg hang meg for mykje opp i korleis eg kunne lage min eigne variant av bilete i staden for å sjå korleis dette bilete kunne inspirere meg til å lage noko nytt. Medan eg dreiv å bladde i bøkene eg hadde lånt kom eg over eit nytt bilete som eg har sett før, men som eg falt for med ein gang!

Salvador Dalí - The Presistence of Memory
DERFOR har eg valt å ta ei heilomvending! Eg vil no framover jobbe med å finne inspirasjon til kunstoppgåva i Dalís "The Persistence of Memory" og skrive om Dalí og surrealismen i fagteorioppgåva.

Nytt om prosessen kjem plutselig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar