onsdag 13. oktober 2010

"Å vere student" - Utkast 3


Her er det tredje utkastet til eit arbeid:
Kva: Collage – Akrylmåling og foto
I dette utkastet har eg måla eit bilete med akrylmåling og inkludert bilete av det eg forbinder med å vere student. Fargen er mørk nede på biletet for å syne at det er tyngre sider ved det å vere student: mykje å lese og skrive, før det blir lysare mot toppen. Gulfargen symboliserar at er lysare sider som vennskap og eit godt klassemiljø, samt at det som kan vere mindre kjekt er naudsynt for å nå eit mål om å bli ferdig utdanna og sikre framtida. Eg har limt på nokre pengesetlar (bilete) i ”gråsona” for å syne at økonomi spelar ei viktig rolle i studenttilværet på korleis ein lever og kva ein har råd til, og at kanskje ikkje alle har det så greitt økonomisk til ei kvar tid.
Variasjonar:
Her har eg mange moglegheiter. Kan variere med bruk av fargar, former, bilete, symbol og komposisjon. Biletet kan strammast opp, omstrukturerast og settast saman på fleire måtar. 
 
Det positive med utkastet:
Eg likte veldig godt å jobbe med akrylmåling og lage eit bilete ut i frå det. Eg føler at eg her kan få fram mange ulike sider ved det å vere student ved  å lage eit collage med foto, og at eg samstundes kan lage eit fint produkt.

Utfordringar og vegen vidare:
Eg prøvde å montere bileta slik at dei utgjorde ei trapp opp mot framtida, men ser at dette ikkje kom så tydeleg fram som eg hadde tenkt. Dette er noko eg kan jobbe vidare med: korleis skal det heile settast i saman. Kanskje eg må stramme det heile opp litt ved å legge meir vekt på former og kva desse skal symbolisere. Pynten på bilete er eigentleg berre former som eg syns var fine, og t.d. rundingane ga dermed eit svevande inntrykk som eg ikkje var bevisst på då eg laga dei. Ja, studenttilværet kan vere svevande, men om eg skal ta det vidare må eg bruke det symbolet meir bevisst. Den pynten som elles ikkje er bevisst er kanskje best å rett og slett droppe om den ikkje har nokon bevisst funksjon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar